Hylland munkelyd er eit munkefellesskap på Hylland i Tinn som vart skipa i 1977. Historia går noko lenger attende, til 1967 då broder Robert K. Anderson (1932–2020) slo seg ned som einebuar i ei Moelvenbrakke i Austbygde i Tinn.

Broder Robert, også kjend som «Robert munk», tilhøyrde den strengare greina av cistercienserordenen (OCSO), også kjend som trappistar. Han var i kloster i Massachusetts i USA, men kom til at han hadde eit kall til å leve som einebuar. Oslo katolske bispedømme hadde då John Willem Gran som biskop, og han tilhøyrde også denne greina av cistercienserordenen. Biskopen og ordenen gav dei naudsynte løyva, og einebuaren kunne starte på sitt nye liv. Etter ein tid flytta han nedover mot Tinnsjø – han har budd på Digernes og Kåsi – før han så i 1977 slo seg ned på Hylland.

https://www.katolsk.no/organisasjon/norge/ordener/ocso/hylland

ZOSTAW ODPOWIEDŹ

Please enter your comment!
Please enter your name here